Verkstaden

Leif Rygg

Leif Rygg prøvar ei av dei siste felene eg har fått ferdig.

Anders Røine

Anders Røine studerar arbeidet som er gjort på Frøysaa-fela hans. Neste dag skulle Anders til Japan på turnè, og difor var det greitt å få ei overhaling på fela fyrst. 

Knut Hamre

Knut Hamre prøvar ei av dei siste felene eg har laga. Fela er no i eige av Lars Ingar Meyer Fjeld frå Sandefjord.

Øystein Greni

Øystein Greni, vokalist og gitarist i Big Bang, hentar ein av gitarane eg har rosa for han:

Rosearbeid

Hardingfele under rosearbeid. Rosene har eg komponera og utforma sjølv, med inspirasjon frå felemakarar som Olaf G. Helland, Olav K. Venaas og John Tjønn. Til høgre ser du beinlagde stillepinnar med tradisjonell dekor

Ottar i verkstaden

Fela må lakkerast med 15-20 tynne lag med lakk før ho kan gjerast klar til bruk. Lakken bør ikkje vera for tjukk, og heller ikkje for hard; i begge fall vil det vera hemmande for resonansen i fela. Lakken er ein av dei mest omstridte tema innan felemakeri, og det finst ei mengd ulike teoriar. Den lakken eg brukar her, er spritlakk med blant anna propolis som ein viktig ingrediens.

Her er bilete av to hardingfeler eg bygde medan eg var i lære på Ole Bull akademiet på Voss. Den eine er bygd på tronda-modell, dvs. av den gamle typen hardingfeler som var bygd i Hardanger på 1700-talet (Den er idag i eige av Gunnar Stubseid, og er å høyre på cd`n hans, Gorrlaus.) Den andre er ei moderne hardingfele, laga på ein Stadivarius-modell.

Hardingfelehals

Hardingfela bør helst ha ein hals…