|
|
Felemakeri i Bø i Telemark
Felemakeriet i Bø
Bø i Telemark har hatt eit rikt miljø både når det gjeld spelemenn og felemakarar gjennom dei siste 200 år. Når det gjeld felemakeriet, har det særleg vore dominert av felemakardynastiet Helland/ Steintjønndalen, som kom til å prege hardingfelas utvikling i Bø og resten av landet gjennom 4 generasjonar. Eg vil her kort nemne nokre av inspirasjonskjeldene mine:
John Eriksen Helland(1790-1862)
John Eriksen Helland er den fyrste felemakaren me kjenner i Bø. Han laga både fiolinar og hardingfeler, og det heitest at han skal ha lært felemakeri av både Karl Mathiesen Rue (1742-1829) frå Kviteseid og Ola Nilssen Gullbekk (ca 1755-1836) frå Seljordsheii. Den eldste fela me kjenner til frå John Eriksen Helland er frå 1815. John var i tillegg musiker; han deltok som tambur i den dansk-norske hæren frå 1807-1812, og var også god spelemann på hardingfele. John Eriksen Helland var ein hendig tusenkunstnar: Han arbeidde både som snekkar, treskjerar, gardbrukar og kjøkemeistar, i tillegg til å vera felemakar. John Eriksen Helland fekk to søner som tok vidare arven etter faren, nemleg Erik Johnsen Helland og Eilev Johnsen Steintjønndalen:
Erik Johnsen Helland(1816-1868)
Erik Johnsen Helland er utan tvil den hardingfelemakaren som har hatt mest å seie for utviklinga av den moderne hardingfela. Saman med broren Eilev utvikla han ein ny hardingfelemodell som låg nærare fiolinen. Han laga ei mengd instrument, både hardingfeler, fiolinar, bratsjar, celloar og langeleik, og hadde ei tid verkstad både i Bø, Oslo og Horten. Han var særs anerkjend i eiga samtid for sine instrument, og laga feler til Myllarguten, Håvard Gibø, Ole Bull, Knut Dahle, Leiv Sandsdalen og til mange andre.
Erik Johnsen Hellands instrument vitnar om ein felemakar med stor kreativitet og fagleg integritet. Instrumenta som er bevara syner stor variasjon i form, størrelse og utsmykking, noko som nok speglar ei sterk trong til utvikling og utforsking av hardingfelas potensiale. Dette gjer Erik Johnsen Helland til ein av dei viktigaste felemakarar me har hatt i Noreg like fram til i dag.
Eilev Johnsen Steintj�nndalen(1821-1876)
Eilev Johnsen Steintjønndalen var 5 år yngre enn broren Erik, og starta si felemakarkarriere fyrst rundt 1850. Han synte tidleg eit stort talent, og handverket på felene etter Eilev er særdeles fint utført. Det finst idag langt færre instrument etter Eilev enn etter broren, og han laga truleg berre hardingfeler. Tonen i desse felene er særs fin og malmfull, og han har difor vore eit ideal for mange av felemakarane i seinare tid.
Olaf G. Helland (1875-1946)
Den kanskje mest omtala og respekterte felemakaren av dei alle er nok Olaf G. Helland. Han var fødd og oppvaksen i Bø, men flutte til Notodden rundt 1895, og starta eigen felemakarverkstad her. Han vart buande her resten av livet, og var aktiv felemakar fram til han døydde like etter 2. verdskrigen. Ved sida av Røstad reknast han som den største hardingfelemakaren me har hatt i dette landet. Arbeidet er av eineståande høg klasse, og viser eit handlag av dei sjeldne. Særleg er han vel kjend for dei lange, smekre ljodhola, og den sirlege rosinga, noko som gjer desse felene særleg flotte å sjå til. Av dei som har og har hatt hatt stor glede av O.G Helland sine feler, er m.a Gjermund Haugen, Eivind Mo, Knut Hamre, Leif Rygg, Hallvard T. Bjørgum og mange fleire. Dei beste av desse felene har ein særs djup, kraftig og malmfull tone, og ein spesielt lang, flaumande etterklang. Dette har gjort dei særleg populære blant spelemenn på Vestlandet og i Setesdal.
Kjelde: Bjørn Aksdal, "Hardingfela, felemakerne og instrumentets utvikling," Trondheim 2009
|
|
Eg trur ikkje eng`lenn i himmelen syng finar` hell` Lars spølå`! - Anne Fykerud (kona te Lars)  NYHENDE03.07.2012CD -utgjevingI samband med at eg vann Landskappleiken i 2011, vart eg tilbydd platekontrakt med platese... [Les meir]03.07.2012Instrumentutstilling Landskappleiken 2012Under årets Landskappleik på Otta vann eg instrumentutstillinga med mi siste hardingfel... [Les meir]
|