Velkomen til felemakar.no!

Eg starta for alvor som felemakar i 2005, då eg kom i lære hjå Sigvald Rørlien på Ole Bull akademiet på Voss. Her gjekk eg i lære i 3 år, og har etter det etablera meg med eigen verkstad i Bø i Telemark.

Eg har heilt sidan 11-årsalderen spela hardingfele, og har også dyrka den eineståande musikken som kjem ut av dette instrumentet. Dette er ein stor fordel når det gjeld å skape fyrsteklasses instrument, slik målet er og alltid vil vera for dei fleste felemakarar.

Handlaga Kåsa-hardingfeler

 

Eg lagar alt for hand, og legg mykje arbeid i kvart nye instrument. Alle instrument er såleis også unike både når det gjeld klang og utsjånad. Materialane eg brukar kan vera både norske og utanlandske, avhengig av kva type instrument og klang eg vil ha. 

I tillegg til dette tek eg sjølvsagt også på meg reparasjonar, rigging eller anna vedlikehaldsarbeid som måtte vera nødvendig.